Hjelmeland får eige ungdomsteater

29okt

I dag var det kick-off for bulystprosjektet «Hjelmeland 24–7», der det mellom anna blei lagt planar om å starta eit nytt ungdomsteater i Hjelmeland.

BULYST: Hjelmeland kommune har fått 780.000 kroner i bulystmidlar frå Kommunal- og regionaldepartementet. Det skal mellom anna etablerast ungdomsteater i regi av Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag.
BULYST: Denne gjengen skal saman skapa meir bulyst i Hjelmeland. Hjelmeland kommune har fått 780.000 kroner i bulystmidlar frå Kommunal- og regionaldepartementet, og noko av dette skal mellom anna brukast til å etablera eit ungdomsteater i regi av Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag.

Hjelmeland kommune har inngått ein samarbeidsavtale med Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag, Hjelmeland Bygdekvinnelaget, Jøsneset Helselag og Årdal Bygdaråd om å gjennomføra bulystprosjektet «Hjelmeland 24–7».

Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag får ei sentral rolle i bulystprosjektet, og skal mellom anna ta ansvar for å etablera eit ungdomsteater.

KICK-OFF: Arbeidsgruppa for etablering av eit nytt ungdomsteater er i full sving. Frå venstre: Judith Synnøve Svendsen, Henrik Smith, Sidsel Amanda Sægrov Sandvik, Karina Fagerland Sjursen, Paul Øvrehus og Bjørn Stian Ueland representerte ungdomsteateret på kick-off for bulystprosjektet. (Foto: ukjent)

Laila Øvrehus og Judith Synnøve Svendsen blir dei første instruktørane i ungdomsteateret, og ungdommane har sjølv valt at ungdomsteatergruppa skal heita «RV–13». Namnet speler på at riksveg 13 går gjennom heile Hjemeland kommune, og at ungdomsteateret, på same måte som riksvegen, skal bli viktig for kontakt og samhald mellom ungdommar i Hjelmeland kommune.

Legg att eit svar