Kyrkjespel i historiske omgjevnader

26okt

Teaterungdommane var blant skodespelarane som framførte «Kyrkjespelet i Årdal» for kultursjefar frå heile Rogaland i dag.

Spelet er skrive av Magnar Riveland, og blei oppført som eit samarbeid mellom ungdomsteateret og Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag utanfor og inni Årdal gamle kyrkje.

(Foto: Eldfinn Austigard)
LYSINGAR: Lensmannen les lysingar utanfor kyrkja. Frå venstre spelar ungdommane Sara Barata, Karina Fagerland Sjursen, Sidsel Amanda Sægrov Sandvik og Ane Steinsland folk i bygda. Laila Øvrehus spelar den pene prestefrua. (Foto: Eldfinn Austigard)
(Foto: Eldfinn Austigard)
HELD KOKEN: Kyrkjetenaren (Magnar Riveland) prøver å halda koken mens kyrkjelyden ventar på presten. Til venstre sit Hjelmeland-ordførar Trine L. Danielsen, samt skodespelarane Karina Fagerland Sjursen og Sara Barata. (Foto: Eldfinn Austigard)
(Foto: Eldfinn Austigard)
HØYRING: Éin av konfirmantane (Sidsel Amanda Sægrov Sandvik) blir høyrt av kyrkjetenaren (Magnar Riveland) medan kyrkjelyden ventar på presten. På benken til venstre ventar Karina Fagerland Sjursen og Sara Barata. (Foto: Eldfinn Austigard)

Legg att eit svar