Fylkesmønstring i UKM

17mar

Fire ungdommar frå RV–13 (Hjelmeland Ungdomsteater) deltok denne helga i fylkesmønstringa til Ungdommens Kulturmønstring (UKM) i Sandnes.

UKM
SPENTE: På «green room» sit (f.v.) Ane Steinsland, Sidsel Amanda Sægrov Sandvik, Karina Fagerland Sjursen og Bjørn Stian Ueland spente og klare for fylkesmønstringa i UKM. (Foto: Morten Hetland)

Det var innslaget «Mean» – med song, koreografi og gitarspel – som vann den lokale mønstringa av UKM, og dermed gjekk vidare til fylkesmønstringa.

I både den lokale mønstringa og fylkesmønstringa var Ungdomsteateret representert med aktørane Karina Fagerland Sjursen, Sidsel Amanda Sægrov Sandvik og Ane Steinsland, samt musikarane Bjørn Stian Ueland (gitar), Morten Hetland (piano).

Trass i god innsats frå fire ungdommar og tre vaksne i støtteapparatet, gjekk ikkje innslaget vårt vidare til landsfinalen.

This slideshow requires JavaScript.

Legg att eit svar