Gjensyn med «Kyrkjespelet i Årdal»

04jul

I fjor deltok skodespelarar frå ungdomsteateret for første gong i «Kyrkjespelet i Årdal». I dag blei spelet vist for eit større publikum, òg denne gongen med unge skodespelarar i staben.

Fire–fem av ungdommane i ungdomsteateret var med på årets oppsetjing av spelet, som blir framført både utanfor og inni Årdal gamle kyrkje.

Det er staseleg og ærefullt å få spela i «Kyrkjespelet i Årdal». Frå venstre: Leon D. Schläwicke, Oskar Ommundsen, Signe Schläwicke, Magnar Riveland, Frode Ingvaldstad, Annbjørg Breiland Egeland og Terje Borgen.
ÆRE: Det er staseleg og ærefullt å få spela i «Kyrkjespelet i Årdal». Frå venstre: Leon D. Schläwicke, Oskar Ommundsen, Signe Schläwicke, Magnar Riveland, Frode Ingvaldstad, Annbjørg Breiland Egeland og Terje Borgen.
Lensmannen (Terje Borgen) les lysingar utanfor kyrkja. Skodespelarane Annbjørg Breiland Egeland, Frode Ingvaldstad, Ole A. Schläwicke og Leon D. Schläwicke ventar på straffa si.
STRAFF: Lensmannen (Terje Borgen) les lysingar utanfor kyrkja. Skodespelarane Annbjørg Breiland Egeland, Frode Ingvaldstad, Ole A. Schläwicke og Leon D. Schläwicke ventar på straffa si.
Magnar Riveland spelte igjen kykjetenaren i Årdal gamle kyrkje. Dottera hans, Vilde Øvrehus Riveland, spelte den stakkars bygdejenta som har fått unge utanom ekteskap, og dermed må sitja heilt bak i kyrkja.
SKAM: Magnar Riveland spelte òg i år kykjetenaren i Årdal gamle kyrkje. Dottera hans, Vilde Øvrehus Riveland, spelte den stakkars bygdejenta som har fått unge utanom ekteskap, og dermed må sitja heilt bak i kyrkja.

Legg att eit svar