Leiarskifte og nytt namn

11sep

Frå starten av teateråret tok Morten Hetland over som ny leiar, samtidig som Ungdomsteateret RV-13 skifta namn til Hjelmeland Ungdomsteater.

I FULL GANG: På golvet står Laila Øvrehus og instruerer skodespelarane på scenen, (f.v.): Leon Schläwicke, Sofie Laugaland, Anna Solvang Vadla, Malin Fuglestein, Jake E. Karlsen, Ole Kristoffer Tufte, Ane Steinsland og Sara Barata. (Foto: Morten Hetland)

Judith Synnøve Svendsen var med på å starta opp ungdomsteateret hausten 2011, men vel no å trekkja seg som både leiar og instruktør. Morten Hetland har vore musikalsk instruktør sidan hausten 2012, og tek samtidig over som både leiar og instruktør etter Judith Synnøve. Han skal leia ungdomsteateret vidare saman med Laila Øvrehus, som har vore hovudinstruktør sidan oppstarten.

I samråd med medlemmene har ungdomsteateret frå denne hausten skifta namn til Hjelmeland Ungdomsteater, for å signalisera tydelegare kva me driv med og kor me held til.

10-15 ungdommar møter til dei faste øvingane kvar veke, og får prøva seg på både improvisasjon, teaterøvingar og øving på forskjellige sketsjar.

Legg att eit svar