Full gang med juleshow

23okt

Nær førti ungdommar og vaksne i Hjelmeland Ungdomsteater er no i full gang med øvingar til eit nyskrive juleshow. Premieren blir tidleg i desember.

KOR: I julestykket skal det mellom anna vera med eit kor, her med (f.v.) Martine Hetland, Amalie Olsen, Wiktoria S. Dada, Anne Kari Ramen Breiland og Hannah Chaplin Laugaland. (Foto: Ole Kristoffer Tufte)

Etter ein omfattande vervekampanje før haustferien, har Hjelmeland Ungdomsteater brått fått snautt førti medlemmer: Tretti skodespelarar, seks lys- og lydteknikarar og éin gitarist. For at alle skal ha noko å gjera, har me bestemt oss for å setja opp eit nyskrive juleshow: «No er det jul, igjen!».

Dei faste instruktørane Laila Øvrehus og Morten Hetland står for regien, og i tillegg har me fått inn Lena Kleppa som ny medinstruktør.

Ungdommane har sjølv bidratt med idéar til kva stykke dei vil setja opp, og Jarl Austigard, Morten Hetland, Magnar Riveland, Leon Schläwicke, Vilde Øvrehus Riveland, Laila Øvrehus og Paul Øvrehus er i full gang med å produsera manus parallelt med øvingane.

MYKJE MORO: Anna Solvang Vadla, Vilde Øvrehus Riveland, Jake E. Karlsen og Jonas Nessa ser ut til å trivast på scenen. (Foto: Ole Kristoffer Tufte)

TEKNIKARAR: Eit kvart ungdomsteater med respekt for seg sjølv må ha ei fungerande teknikargruppe, her representert ved Thomas Hausken Nessa (t.v.) og Paul Kuhn (t.h.). (Foto: Ole Kristoffer Tufte)

JULEHANDEL: Det er på julehandel folk møtest. Frå venstre: Jake E. Karlsen, Vilde Øvrehus Riveland, Anna Solvang Vadla og Elisabeth Munthe. (Foto: Ole Kristoffer Tufte)

FAMILIE: Rolf (Olav Espeland Halsne), Line (Malin Fuglestein), Laila (Ane Steinsland) og tante Kari (Anna Solvang Vadla) er i full sving med å pugga manus. (Foto: Morten Hetland)

Legg att eit svar