Klar med lokalprodusert juleshow

12des

Ungdommane i Hjelmeland Ungdomsteater er klare for å visa juleshowet «No er det jul, igjen!» på Hjelmeland Samfunnshus laurdag 14. desember klokka 19:30.

LOVANDE: Den nye generasjonen av skodespelarar og lys- og lydteknikarar imponerer stadig. Det spirer i teatermiljøet i Hjelmeland, og framtida ser ut til å vera sikra. (Foto: Morten Hetland)
LOVANDE: Den nye generasjonen av skodespelarar og lys- og lydteknikarar imponerer stadig. Det spirer i teatermiljøet i Hjelmeland, og framtida ser ut til å vera sikra. (Foto: Morten Hetland)

«No er det jul, igjen!» handlar om stresset, kaoset, juleførebuingane og alle utfordringane knytt til julestria. Gjennom stykket føl me både Julenissen og ein familie midt i julehysteriet. Stykket er inspirert av ungdommane sjølv, og byr på både humor og alvor. Manustekstane er skrivne av lokale manusforfattarar.

Hjelmeland Ungdomsteater er ungdomsavdelinga til Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag. Ungdomsteateret blei starta i 2011, som ein del av bulystprosjektet «Hjelmeland 24-7».

Leiar og medinstruktør i Hjelmeland Ungdomsteater, Morten Hetland, oppmodar publikum til å fylla opp salen i Hjelmeland Samfunnshus.

– Dei flinke ungdommane våre fortener fullsett sal, jubel og applaus frå sambygdingane sine. Desse er framtida vår, slår Hetland fast. I tillegg til Hetland får ungdommane god støtte frå hovudinstruktør Laila Øvrehus og medinstruktør Lena Kleppa. Rutinerte Henrik Smith har dessutan fått ansvaret for lys- og lydteknikarane.

– I haust har det vore 31 ungdommar i sving på scenen, 6 lys- og lydteknikarar og 1 gitarist i Ungdomsteateret. Dette lover bra for framtida, konkluderer Morten Hetland, leiar i Hjelmeland Ungdomsteater.

Legg att eit svar