Ungdomsteateret blir eige lag

16des

Fleire av ungdommane som spelte i «No er det jul, igjen!» var i dag med på å stifta Hjelmeland Ungdomsteater som eit sjølvstendig lag.

STIFTINGSMØTE: Tre vaksne instruktørar og 22 ungdommar var i dag med på å stifta Hjelmeland Ungdomsteater. Frå venstre: Ole Kristoffer T. Albretsen, Paul Kuhn, Thomas Hausken Nessa, Lars Martin M. Meland, Jake E. Karlsen, Leon D. Schläwicke, Sunniva Ur Fjørtoft, William Munthe, Sofie Laugaland, Tarjei Sellevoll, Trine Moen Hausken, Martine Hetland, Wiktoria S. Dada, Elisabeth Munthe, Maria Laugaland, Cathrine Kvame, Hannah C. Laugaland, Hanne C. Dalaker, Ida Kvernstrøm, Henrik Breivik Rød, Malena Altamirano og Christian L. Munthe. (Foto: Morten Hetland)

Hjelmeland Ungdomsteater blei starta opp i oktober 2011, som eit delprosjekt i bulystprosjektet «Hjelmeland 24-7», og har sidan den gong vore ei undergruppe av Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag. Prøv casino bonus og vinn ekte penger!

Målet har heilt sidan oppstarten vore at Ungdomsteateret kan stå på eigne bein, og i kveld blei Hjelmeland Ungdomsteater stifta som eit sjølvstendig og sjølveigande lag.

Stiftingsmøtet godkjende forslaget til vedtekter, og valde Morten Hetland som styreleiar og Laila Øvrehus og Lena Kleppa som styremedlemmer.

Legg att eit svar