Kurs og omvising på Rogaland Teater

08feb

Nina Godtlibsen og Bjørn Ravn Carlsen frå Barne- og Ungdomsteateret (BUT) ved Rogaland Teater har i dag hatt kurs og omvising for ungdommane i Hjelmeland Ungdomsteater.

Takka vera midlar frå bulystprosjektet «Hjelmeland 24-7» har me vore i stand til å inngå ein avtale med BUT om kurs og kompetanseheving for ungdommar og vaksne i Hjelmeland Ungdomsteater.

Den første samling starta i dag med omvising og kurs på Rogaland Teater, der Nina og Bjørn frå BUT lærte oss mange nye og kjekke øvingar, som me no kan ta med i det vidare arbeidet heime på Samfunnshuset.

This slideshow requires JavaScript.

Legg att eit svar