Talentkonkurranse i UKM

11feb

I den lokale mønstringa av UKM deltok Hjelmeland Ungdomsteater med eit sjølvskrive innslag: «Hjelmelands talenter»

Blant talenta her var ein dansande blomsterplukkar, den mislukka tryllekunstnaren «Bananissimo» og ein rapar (ikkje rappar), samt ein hatt-/brille-/boots-strippar som nektar å gje seg.

Innslaget gjekk ikkje vidare til fylkesmønstringa, men både ungdommar og instruktørar har hatt det morosamt med å øva inn og setja opp innslaget, som er ein parodi på TV-talentkonkurransar som «Idol», «Norske talenter» og «X Factor».

TALENTKONKURRANSE: Jake E. Karlsen (t.h.) spelte programleiar i talentkonkurransen. Bak sit dommarane (f.v.) Elisabeth Munthe, Anne Kari Ramen Breiland og Hanne C. Dalaker.

TALENT: Vilde Øvrehus Riveland (t.h.) var blant deltakarane som ville visa fram talenta sine.

TALENT: Wiktoria S. Dada prøver å overbevisa dommarane (Elisabeth Munthe, Anne Kari R. Breiland og Hanne C. Dalaker) om at ho er ein verdig vinnar av «Hjelmelands Talenter». (Foto: Morten Hetland)

Legg att eit svar