Dans, drama og scenekamp

22mar

Takka vera støtte frå bulystprosjektet «Hjelmeland 24–7» får Hjelmeland Ungdomsteater verdifull kompetanseheving med innleigde instruktørar frå Barne- og Ungdomsteateret til Rogaland Teater.

KOREOGRAFI: Penda Faal (t.h.) frå Rogaland Teater var blant kurshaldarane i helgas kurs for medlemmer i Hjelmeland Ungdomsteater. (Foto: Morten Hetland)
KOREOGRAFI: Penda Faal (t.h.) frå Rogaland Teater var blant kurshaldarane i helgas kurs for medlemmer i Hjelmeland Ungdomsteater. (Foto: Morten Hetland)

Tema for kurset denne helga var mellom anna å jobba med koreografi, forstå at alle aktørar må ha eit mål på scenen og ikkje minst trening på scenekamp. Bjørn Ravn Carlsen er instruktør i Barne- og Ungdomsteateret til Rogaland Teater, og hadde stålkontroll på å læra frå seg scenekamp og knep for å skapa action på scenen.

MÅL: Bjørn Stian Ueland (nærast) og Tarjei Sellevoll øver seg på å ha eit mål. Kva må til for å få den andre til å flytta seg frå «benken»? (Foto: Morten Hetland)
MÅL: Bjørn Stian Ueland (nærast) og Tarjei Sellevoll øver seg på å ha eit mål. Kva må til for å få den andre til å flytta seg frå «benken», utan å faktisk be han om det? (Foto: Morten Hetland)
KAMP: Siri Rød og Ida Kvernstrøm øver på scenekamp. (Foto: Morten Hetland)
KAMP: Siri Rød og Ida Kvernstrøm øver på scenekamp. (Foto: Morten Hetland)
SLAG: Christian Laugaland Munthe øver seg på scenekamp-slag mot Bjørn Stian Ueland. (Foto: Morten Hetland)
SLAG: Christian Laugaland Munthe øver seg på scenekamp-slag mot Bjørn Stian Ueland. (Foto: Morten Hetland)

Legg att eit svar