Øving, øving, øving…

05mar

I løpet av våren har Ungdomsteateret satsa på å auka den samla kompetansen til ungdommane, så øvingane våre er fylte med mange forskjellige aktivitetar.

Instruktørane syt for at øvingane blir varierte, men intense, og skodespelarane har fått øva på alt frå scenekamp og samspel, til improvisasjon og sjonglering. Ungdomsteateret øver for tida ikkje på ei framsyning, men ein skal ikkje sjå vekk frå at publikum blir invitert til ei sommarframsyning i juni.

This slideshow requires JavaScript.

Legg att eit svar