Seks ungdommar i Hjelmelandsrevyen

03apr

To lys- og lydteknikarar og fire skodespelarar frå Hjelmeland Ungdomsteater bidreg i «Hjelmelandsrevyen 2014: Feiande flott!», som har premiere på Hjelmeland Samfunnshus i kveld.

Jake Karlsen, Vilde Øvrehus Riveland, Mathilde Jordal Breivik og Anna Solvang Vadla har blitt godt tatt imot av dei vaksne skodespelarane på scenen, mens Henrik Smith og Henrik Breivik Rød har overtatt heile styringa på både lys- og lydteknikk.

– Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag har jobba med revyen i heile vår, og set stor pris på å ha med seg ungdommar i årets revyoppsetning, fortel produsent og instruktør Morten Hetland, som òg er instruktør i Hjelmeland Ungdomsteater.

OPNING: Vilde Øvrehus Riveland, Anna Solvang Vadla, Mathilde Jordal Breivik og Jake Karlsen svingar seg under opningssongen.
FINN IKKJE FRAM: Det er ikkje lett for postbod, taxisjåfør, brannkonstabel, politibetjent og ambulansesjåfør å finna fram i Hjelmeland, der det ikkje finst vegnamn.
VIL IKKJE FLYTTA: Mathilde Jordal Breivik song den vakre visa «Tankar frå ein nesten vaksen», som handlar om alle gode minna ungdommane frå Hjelmeland tek med seg når dei må flytta på hybel.
SLADREKJERRINGAR: Vilde Øvrehus Riveland (t.v.) og Anna Solvang Vadla (t.h.) spelte sladrekjerringane som baksnakkar Hjelmelands store dotter, Magnhild Meltveit Kleppa, fram til hovudpersonen sjølv møter dei.
PÅ VILLSPOR: Taxisjåføren (Edel Gausland) slit med å forklara dei kompliserte ungdomstaxi-reglane for ungdommane Mathilde Jordal Breivik, Vilde Øvrehus Riveland, Jake Karlsen og Anna Solvang Vadla.
ELEVRÅD: Jake Karlsen, Mathilde Jordal Breivik og Anna Solvang Vadla er harde mot rektoren når elevrådet tek eit oppgjer med innsparingane på skulen.
STAMMING: Ungdommane blir sett ut av lærarvikaren (Øyvind Pedersen) som stammar så mykje at han må syngja for å kommunisera. Klassens «berte» (Nina Gjestvang-Knutzen) let seg sjarmera.
HANDICAP-TOALETT: Anna Solvang Vadla og Vilde Øvrehus Riveland prøver å få undervisning på handicap-toalettet, men der har «naturen kalla» på inspektøren frå miljøretta helsevern (Magnar Riveland).

Legg att eit svar