Kulturprisen til Laila Øvrehus

17des

Hovudinstruktør i Hjelmeland Ungdomsteater, Laila Øvrehus, blei i kveld tildelt Hjelmeland kommune sin kulturpris for sitt langvarige arbeid for teatermiljøet i Hjelmeland.

OVERREKKING: Laila Øvrehus (t.v.) får tildelt Kulturprisen 2014 av ordførar Trine L. Danielsen (t.h.).
OVERREKKING: Laila Øvrehus får tildelt Kulturprisen 2014 av ordførar Trine L. Danielsen. (Foto: Morten Hetland)

Ordførar Trine L. Danielsen stod for den høgtidelege overrekkinga av diplomet og eit flott maleri, og rosa Laila for den langvarige innsatsen for det frivillige kulturarbeidet i Hjelmeland.

Laila starta teaterkarrieren sin på scenen, men kraup seinare ned på golvet, då ho fann ut at det var mykje kjekkare å stå i kulissane og dirigera. No til dags bruker Laila erfaringane sine til å instruera eit titals ungdommar i ungdomsrevyen «Dagens ungdom». Der har ho sin faste plass på golvet framfor scenen, med eit smil rundt munnen, og armar og bein i alle retningar.

I samband med tildelinga, fekk ungdommane i Hjelmeland Ungdomsteater takka Laila med denne filmen:

One thought on “Kulturprisen til Laila Øvrehus

Legg att eit svar