Klare for revypremiere

15apr

29 skodespelarar, 4 lys- og lydteknikarar og 4 vaksne instruktørar er klare for premiere på ungdomsrevyen «Dagens ungdom».

SOMMARFUGLAR: Det kriblar nok litt ekstra i magane til ungdommane i Hjelmeland Ungdomsteater. Neste veke spelar dei sin første revy på Hjelmeland Samfunnshus
SOMMARFUGLAR: Det kriblar nok litt ekstra i magane til ungdommane i Hjelmeland Ungdomsteater. Neste veke spelar dei sin første revy på Hjelmeland Samfunnshus. (Foto: Morten Hetland)

Premieren blir torsdag 23. april, med 22 humoristiske og musikalske innslag. Mesteparten av innslaga er lånt frå Manusbanken til Frilynt Norge.

– Hjelmeland Ungdomsteater har arbeidd med revyplanane sidan hausten 2014, og etter kvart som nokre skodespelarar har slutta og endå fleire har kome til, har fullføringa av revyen teke noko lengre tid enn me først rekna med, forklarer leiar Morten Hetland, som òg er instruktør saman med Laila Øvrehus, Tone Smith og Edel Gausland.

Framsyningar:
torsdag 23. april kl. 19:00
fredag 24. april kl. 19:00

Legg att eit svar