Blaute eventyr i Eventyrskogen

25okt

Hjelmeland Ungdomsteater bidrog med eigne dramatiseringar av både «Bukkane Bruse» og «Askepott» når Hjelmeland Turlag og Hjelmeland kommune ynskte velkommen til lyktetur i Eventyrskogen.

Regnet hølja ned det meste av helga, men om lag 150 store og små stilte opp på parkeringsplassen til Eventyrskogen med både regnklede, støvlar og hovudlykter. Turen gjekk gjennom strie bekkar og blaute myrar, særleg det første stykket, men inne i den tette skogen var det godt å gå.

Undervegs i løypa var det rigga til tablå med dramatiseringar av forskjellige eventyr, med skodespelarar frå Hjelmeland Ungdomsteater.

«MI BRU»: Trollet (Morten Hetland) fekk ikkje fred, så lenge både den største reinsdyrbukken Bruse (Bjørn Olsen, t.h.) og den mellomste reinsdyrbukken Bruse (Ole A. Schläwicke, t.v.) trippa fram og tilbake på brua. (Foto: Eldfinn Austigard)

TRIPP, TRAPP: «Kven er det som trampar på mi bru?», undrar trollet (Morten Hetland) når den minste reinsdyrbukken Bruse (Christoffer Nordbø) er på veg til seters. (Foto: Magnar Riveland)
TRIPP, TRAPP: «Kven er det som trampar på mi bru?», undrar trollet (Morten Hetland) når den minste reinsdyrbukken Bruse (Christoffer Nordbø) er på veg til seters. (Foto: Magnar Riveland)

Legg att eit svar