Velkommen til «Jul i Viga»

23nov

«Jul i Viga» blei sett opp i samarbeid med Ryfylkemuseet.

Hjelmeland Ungdomsteater samarbeider med Ryfylkemuseet om å skapa julestemning i Vigatunet, og set opp framsyninga «Jul i Viga» for første gong.

Få med deg juleforteljinga om by-familien som kvart år kjem til Viga for å feira jul, og om fjosnissane og stabbursmusene som ikkje synest det er kjekt å bu på garden når det ikkje bur folk her fast lenger. Den grinete tante Ulla, som hatar jula, kjem òg på besøk, men så kjem den snille nabokona Gurina og fortel historier om korleis det ein gong var i Viga.

Det blir allsong og koseleg julestemning i løa. Servering av varm drikke og julebakst.

Ta på deg nisselua og bli med på ein stemningsfull førjulstradisjon. Kle deg til å vera ute!

Sidan det er få parkeringsplassar i Viga oppmodar me alle til å samkjøra, eller parkera ved busslommen i Randøykrossen og spasera opp til Viga. (Hugs refleksvest om du skal gå opp!)

Inngangspengar: 60 kroner

This slideshow requires JavaScript.

Legg att eit svar