Kulturprisen til Morten Hetland

14des
PRISVINNAR: Ordførar Bjørn Laugaland (t.v.) delte ut Kulturprisen 2016 til den stolte prisvinnaren, Morten Hetland (t.h.), som mellom anna har vore aktiv i å parodiera ordføraren i både show og revyar dei fem siste åra.
(Foto: Eldfinn Austigard)

Leiar og instruktør i Hjelmeland Ungdomsteater, Morten Hetland, fekk i dag tildelt Kulturprisen 2016 for Hjelmeland kommune.

Morten kom inn i Ungdomsteateret som musikalsk ansvarleg hausten 2012, og tok over som leiar og ny instruktør i august 2013. Sidan då har han drive Hjelmeland Ungdomsteater saman med Laila Øvrehus, som fekk Kulturprisen 2014.

Sjølv om Morten har lagt ned mykje innsats i teatermiljøet i Hjelmeland dei siste åra, då særleg i Ungdomsteateret, har han òg ein lang CV med verv i andre frivillige lag og organisasjonar i Hjelmeland. Kulturprisen er difor tildelt for «omfattande og allsidig arbeid innan kulturlivet i Hjelmeland gjennom fleire år».

Hjelmeland Ungdomsteater gratulerer så mykje med prisen!

Legg att eit svar