Hovudroller i lokal spelefilm

19jun
HOVUDROLLER: Herman Breivik Rød (t.v.) og Amund Thomsen (t.h.) spelar hovudrollene som høvesvis «Egil Hetland» og «Olav Bjelland» i «Å velta ei ku». (Foto: Morten Hetland)

Amund Thomsen og Herman Breivik Rød frå Hjelmeland Ungdomsteater har hovudrollene i spelefilmen «Å velta ei ku».

Filmen er basert på romanen «Å velta ei ku», skriven av Vegard Terøy frå Hetlandsbygda. Filmmanuset er skrive av Morten Hetland – som òg er regissør saman med Laila Øvrehus – og dessutan fotograf og komponist for filmen.

I tillegg til hovudrollene som «Olav» og «Egil», er fleire skodespelarar frå det lokale teatermiljøet henta inn for å spela biroller og statistroller i filmen.

LOKALE SCENER: Store delar av handlinga i filmen «Å velta ei ku» føregår i Hetlandsbygda eller andre stader i området rundt Fister. (Foto: Morten Hetland)

Men kva handlar eigentleg «Å velta ei ku om»? I grove trekk handlar historia om 15 år gamle «Olav Bjelland» som berre har eitt mål for livet: Å overta familiegarden Bjelland i Hetlandsbygda. Når foreldra skil seg og sel garden, søkjer Olav ut i naturen for å finna eit nytt mål for livet. Etter kvart fører einsemda og isolasjonen til at det bikkar over for den tungsinna og usikre 15-åringen.

OMSORGSFULLE: Liv Reidun Brakstad og Jon Olav Sigmundstad spelar dei omsorgsfulle besteforeldra til «Olav» – «Mormor» og «Farfar». Beggje har lang erfaring som kulturaktørar; Liv Reidun som éin av dei mest anerkjente performance-kunstnarane i Norge, og Jon Olav som veteran i amatørteatermiljøet i Hjelmeland. (Foto: Morten Hetland)

Alle skodespelarane og støtteapparatet rundt filmen jobbar på dugnad, slik at alt overskotet frå filmprosjektet går til vidare drift av Hjelmeland Ungdomsteater.

One thought on “Hovudroller i lokal spelefilm

Legg att eit svar