For medlemmer

Hjelmeland Ungdomsteater er eit fritidstilbod for ungdommar i aldersgruppa 13-18 år. Me har som føremål å driva teateraktivitet og underhalda i Hjelmeland kommune, og samlast til faste øvingar/samlingar på Hjelmeland Samfunnshus kvar onsdag i skuleåret.

Frammøte og forfall: Alle medlemmene må møta til oppsette øvingar. Føresette skal gje beskjed på SMS så tidleg som mogleg, når ein veit at ungdommen ikkje kan koma på øving. Einaste gyldige fråver er sjukdom eller arrangement i regi av skulen.

Målgruppe: Ungdom i alderen 13-18 år (frå og med 8. klasse). Me treng skodespelarar, songarar, dansarar, scenearbeidarar og lys- og lydteknikarar. Det er òg fint om du kan spela eitt eller fleire musikkinstrument.

Opptak: Hjelmeland Ungdomsteater har berre eitt opptak i løpet av teateråret: I løpet av dei fire første vekene i nytt teaterår (august/september). Styret kan gjera unntak frå denne regelen etter særskilt søknad.

Medlemspengar: Det kostar 250 kroner i året å vera medlem i Hjelmeland Ungdomsteater. Faktura på medlemskontingent blir sendt til medlemmene i september, eller ved innmelding.

Framsyningar: I løpet av teateråret 2016/2017 planlegg me to større framsyningar: «Klimadrama» i januar 2017 og «Løvenes konge» i april 2017. Elles vil me samarbeida med Ryfylkemuseet om nissekveld i Vigatunet 29. november 2016.

Øvingsplan

DatoKlokkeslettKva?Kor?
fredag 16. juni18:00–22:00SommarfestSpa-hotell Velvære

Reglar:

Alle skal trivast i eit trygt miljø. Du har lov til å:

  • koma med gode forslag og idéar.
  • tulla og tøysa, når det passar.
  • gje kvarandre klemmar.
  • skryta over dei andre.
  • dumma deg ut.
  • vera deg sjølv.
  • vera høfleg.
  • kle deg ut.
  • vera rusfri.
  • ha det kjekt.
  • setja eigne grenser.
  • syngja, dansa og spela.
  • vera presis til øvingane.
  • visa respekt for dei andre.
  • spytta tyggis og anna snop i søpla.
  • vera stille når dei vaksne ber om det.
  • slå av mobiltelefonen under øvingane.
  • spela skodespel, eller hengja med Henrik.
  • gje beskjed til Morten viss du ikkje kan koma på øving.

Vedtekne av medlemmene i Hjelmeland Ungdomsteater, 27.08.2014