Om oss

Hjelmeland Teater ber vidare teaterarva etter Hjelmeland Teaterlag (1983–1998), Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag (1999–2017) og Hjelmeland Ungdomsteater (2013–2017), og har som føremål å underhalda og driva amatørteater i Hjelmeland.

  • Ungdomsteateret samlast til faste øvingar kvar veke i skuleåret, og set opp to–tre framsyningar i løpet av året.
  • Vaksne amatørskodespelarar er med på å setja opp minst éi framsyning i året; revy annankvart år og komedie/farse eller musikal annankvart år.

Hjelmeland Teater er medlem av Hjelmeland Folkeakademi, Rogaland Teaterråd og Frilynt Norge, éin av dei største amatørteater- og kulturorganisasjonane i Noreg.

Vedtekter for Hjelmeland Teater:

Vedtekne på stiftingsmøtet, 16.12.2013.
Sist revidert av årsmøtet, 06.09.2017.

§ 1 Laget sitt namn
Laget sitt namn er Hjelmeland Teater.

§ 2 Føremål

Laget sitt føremål er å underhalda og driva amatørteater i Hjelmeland kommune.

§ 3 Juridisk person
Hjelmeland Teater er sjølveigande og ein frittståande juridisk person, med upersonleg og avgrensa ansvar for gjeld.

§ 4 Organisasjonstilhøyring
Hjelmeland Teater er medlem i Frilynt Norge, Rogaland Teaterråd og Hjelmeland Folkeakademi.

§ 5 Arbeidsåret
Teateråret i Hjelmeland Teater er frå og med 1. august til og med 31. juli i påfølgjande år. Aktivitetsplan, årsmelding og prosjektrekneskap skal utarbeidast for teateråret, og godkjennast av ordinært årsmøte. Årsrekneskapen skal utarbeidast for kalenderåret, og godkjennast av ekstraordinært årsmøte innan utgangen av februar i påfølgjande år etter rekneskapsåret.

§ 6 Medlemmer
Alle som aksepterer Hjelmeland Teater sine vedtekter og reglement kan bli tatt opp som medlem. Medlemskapen er først gyldig og rekna frå den dag første kontingent er betalt.

§ 7 Stemmerett og valbarheit
Alle medlemmer har stemmerett og er valbare til tillitsverv i Hjelmeland Teater . Medlemmer som skuldar kontingent for meir enn eitt år, har ikkje stemmerett eller andre rettar i laget.

§ 8 Kontingent
Kontingenten blir fastsett av årsmøtet, og skal betalast på forskot i september kvart år.
Medlemmer som skuldar kontingent for meir enn eitt år, kan styret stryka som medlem av Hjelmeland Teater. Dersom eit medlem blir stroke grunna manglande betaling av kontingent, kan ikkje medlemmen takast opp igjen før skyldig kontingent er betalt.

§ 9 Godtgjering til tillitsvalte
Tillitsvalte skal ikkje ha honorar for tillitsverva sine, men kan få refusjon for naudsynte, faktiske utgifter, inkludert tapt arbeidsforteneste, som vedkomande blir påført i utføringa av vervet. Utgifter til tapt arbeidsforteneste skal gå fram av budsjett og rekneskap.
Unntak gjeld for tillitsvalte som òg blir leigt inn som instruktørar, når styret fastset og godkjenner honorar til instruktørar.

§ 10 Årsmøte
Årsmøtet, som blir halde i september, er Hjelmeland Teater sitt høgaste organ.
Årsmøtet blir kalla inn av styret minst to veker før årsmøtedatoen, direkte til medlemmene og/eller ved kunngjering på Facebook/nettstad/lokalavisa. Forslag som skal behandlast på årsmøtet skal vera sendt til styret seinast fire veker før årsmøtet. Fullstendig saksliste må vera tilgjengeleg for medlemmene seinast éi veke før årsmøtet.
Alle medlemmer har tilgang til årsmøtet. Årsmøtet kan invitera andre personar og/eller media til å vera til stades, eventuelt vedta at årsmøtet berre er ope for medlemmer.
Årsmøtet er vedtaksført med det talet på røysteføre medlemmer som møter. Ingen har meir enn éi stemme, og røysting kan ikkje skje ved fullmakt.
Årsmøtet kan ikkje behandlas forslag om vedtektsendring som ikkje er oppført på sakslista seinast éi veke før årsmøtet. Andre saker kan behandlast og avgjerast når 2/3 av dei frammøtte medlemmene krev det. Slik avgjerd kan berre takast i samband med godkjenning av sakslista.

§ 11 Leiing av årsmøtet
Årsmøtet blir leia av ein valt møteleiar. Møteleiaren treng ikkje vera medlem av Hjelmeland Teater.

§ 12 Røysting på årsmøtet
Så lenge det ikkje er avgjort noko anna, skal eit vedtak ha fått vanleg fleirtal av dei gjevne stemmene for å vera gyldig.
Val skal føregå skriftleg viss det er meir enn éin føreslegen kandidat. Berre føreslegne kandidatar kan førast opp på stemmesetelen.
Blanke røyster skal ein ikkje telja med i det totale røystetalet.

§ 13 Årsmøtet sine oppgåver
Årsmøtet skal:
1. Godkjenna kven som har stemmerett.
2. Godkjenna innkalling, sakliste og møtereglane.
3. Velja møteleiar, møteskrivar og to representantar til å godkjenna protokollen.
4. Godkjenna årsmelding for føregåande teaterår.
5. Godkjenna prosjektrekneskap for føregåande teaterår.
6. Godkjenna revidert årsrekneskap for føregåande kalenderår.
7. Behandla innkomne forslag og forslag frå styret.
8. Fastsetja medlemskontingent for neste teaterår.
9. Velja leiar for eitt år om gongen
10. Velja to styremedlemmer for eitt år om gongen

§ 14 Ekstraordinære årsmøte
Ekstraordinære årsmøter skal haldast når styret vedtek det, eller minst 1/3 av dei røysteføre medlemmene krev det.
Uansett skal det innan februar kvart år haldast ekstraordinært årsmøte for å godkjenna revidert årsrekneskap (jf. § 13 pkt. 6), slik at ein når fristar for søknad om momsrefusjon.
Det blir kalla inn på same måte som for ordinære årsmøte, med minst to vekers varsel. Ekstraordinært årsmøte kan berre behandla og gjera vedtak i sakene som er kunngjort i innkallinga.

§ 15 Styret
Hjelmeland Teater blir leia, drifta og forplikta av eit styre på inntil fem personar. Styremedlemmene bør avspegla ei brei representasjon av medlemmene i laget. Styret er laget sitt høgaste organ mellom årsmøta.
Styret skal:
1. Setja i verk årsmøtet sine vedtak og avgjerder.
2. Ved behov oppnemna komitéar/utval/personar for spesielle oppgåver og utarbeida instruks for desse.
3. Administrera og ha naudsynt kontroll med Hjelmeland Teater sin økonomi i samsvar med dei instruksane og vedtektene som gjeld til ei kvar tid.
4. Representera Hjelmeland Teater utetter.
Styret skal halda møte når leiaren krev det, eller eit fleirtal av styremedlemmene forlangar det.
Styret er vedtaksført når eit fleirtal av medlemmene er til stades. Vedtak vert gjort med fleirtal av dei avgjevne stemmene. Ved stemmelikskap er møteleiaren sin stemme avgjerande.

§ 16 Vedtektsendring
Endringar i desse vedtektene kan berre gjerast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte etter å ha vore på sakslista, og ein krev 2/3 fleirtal av dei avgjevne stemmene.

§ 17 Oppløysning
Oppløysing av Hjelmeland Teater kan bare behandlast på ordinært årsmøte. Blir oppløysing vedteke med minst 2/3 fleirtal, skal det innkallast til ekstraordinært årsmøte 3 månader seinare.
Samanslutning med andre foreiningar er ikkje å sjå på som ei oppløysing av Hjelmeland Teater. Vedtak om samanslutting og naudsynte vedtektsendringar i samband med dette skal treffast i samsvar med § 16 om vedtektsendring.

Styret:

Morten Hetland – leiar
Laila Øvrehus – hovudinstruktør
Jake E. Karlsen – ungdomsrepresentant

Instruktørane:

Laila Øvrehus – hovudinstruktør, skodespel
Morten Hetland – instruktør, skodespel
Leif Velde-Johannessen – instruktør, lys og lyd
Jake E. Karlsen – hjelpeinstruktør, skodespel