Tidlegare framsyningar

«Løvenes konge»

28–30. april 2017
AFRIKANSK: Med «Løvenes konge» tok Hjelmeland Ungdomsteater Afrika til scenen på Hjelmeland Samfunnshus, med 20 ungdommar på scenen og 4 på lys- og lydteknikk. (Foto: Morten Hetland)

I samarbeid med Folkeakademiet Hjelmeland og med prosjektstøtte frå Frilynt Norge, viste Hjelmeland Ungdomsteater drama-musikalen «Løvenes konge» for ca. 450 tilskodarar.

This slideshow requires JavaScript.

Alle foto: Magnar Riveland/Strandbuen

«Jeg er ikke i tvil om hvilken viktig plass Barne-og Ungdomsteateret i Hjelmeland har i kommunens kulturliv. Takk for en strålende kveld!» – Hege Haukeland Liadal, Arbeidarpartiet sin kulturpolitiske talsperson på Stortinget

«Imponerande kva dei får til!» – Bjørn Laugaland, ordførar i Hjelmeland kommune

«For en fantastisk opplevelse i går😍 Hjelmeland er full av stjerner⭐️Skuespillerne og resten av gjengen i Hjelmeland ungdomsteater er blant de.» – Lin Veronica Jacobsen, varaordførar i Hjelmeland kommune

«Har nettopp vært på en vanvittig forestilling og sett en gjeng med dyktige ungdommer fremføre "Løvenes konge".» – Nancy Øvrehus, styremedlem i Rogaland Teaterråd

«Gratulerer Hjelmeland Ungdomsteater med imponerande flott framføring av Løvenes konge!» – Eldfinn Austigard, kulturleiar i Hjelmeland kommune

«Lista var lagd høgt til denne framsyninga. Hjelmeland Ungdomsteater gjekk over med god margin, og gav publikum ei veldig flott oppleving. Eller kanskje fleire gode opplevingar. For sjeldan har så mange nytta høvet til å sjå ei framsyning fleire gonger.» – Magnar Riveland, journalist i Strandbuen

«Frysninger, tårer, latter og eg e rett og slett satt ut. Dette e så sinnsykt bra! For ein jobb, for ein innsats, for ein framgang, for ein produksjon, for någen ungdommar!!»

«Eg hadde med meg tre gutter i alder 3, 5 og 9 år. Alle synes det var kjempe kjekt.»

«Dette var sykt bra, rett og slett proft. Hatten av for heile denne fantastiske gjengen!»

«Dette må være den beste forestillingen som er vist på denne scenen! Godt jobbet alle sammen!»

«Dere er gode!! Takk for super underholdningen i kveld!! Utmerket! »

«Heilt fantastisk!!! Eg er SÅ imponert!! 👏👏👏»

«Fantastisk forestilling!!!! Dette anbefaler alle som har mulighet til det å gå å se!!!! MAGISK!!!!

«Så flinke skuespillere og sangere😀😀😀😀🎊🎊🎊»

Publikum lét altså vel over Hjelmeland Ungdomsteater si tolking av den klassiske Disney-historia om Simba, som lærer om plassen sin i «livets sirkel», mens han kjempar seg gjennom fleire hinder for å bli den rettmessige kongen av Løveriket.

Ungdomsteateret har jobba med prosjektet sidan august 2016, og har aldri før lagt så mykje arbeid i innhald, koreografi, teknikk, song, scenografi, kostyme og sminke. Me er difor svært fornøgde med at resultatet blei så bra som det blei, og at publikum er fornøgde!

Skodespelarar

Ole A. Schläwicke – unge Simba

Amund Thomsen – Simba

Martine Hetland – Sarabi

Tarjei Sellevoll – Mufasa/Pumba

Elise Bergøy – unge Nala

Cathrine Kvame – Nala

Janne Fagerland Sjursen – Rafiki

Elisabeth Munthe – Sarafina

Renate Åsland Håland – Zazu

Jake E. Karlsen – Scar

Anna Solvang Vadla – Shenzi

Nina Maritha Egeland – Banzai

Willi E. Lippek – Ted

Herman Breivik Rød – Timon

Ylva Sifoki Gjestvang-Knutzen – Parmida

Vanessa Meidell – Rahila

Berthine Marie Bergman – Fasiha

Lena Poulsen – Bikita

Amalie Velde Birkeland – Panambi

Sofie Velde-Thoresen – Nyakio

Regi og dramaturgi

Morten Hetland

Laila Øvrehus

Koreografi

Elisabeth Munthe

Elise Bergøy

Martine Hetland

Amalie Velde Birkeland

Kostyme

Mette Ingvaldstad

Magnhild Bjørkeland

Merete Tufte

Sharifeh Khodayari

Lys- og lydteknikk

Joakim Hetland – lyd

Christoffer Nordbø – lys

Knut Øygard Dale – lydassistent

Jan-Eric Banaskiewicz – lysassistent

Leif Velde-Johannessen – instruktør

Scenografi

Jake E. Karlsen

Morten Hetland

Laila Øvrehus

Herman Breivik Rød

Willi Lippek

Joakim Hetland

Medverkande

«Klimadrama»

19. januar 2017
ENGASJERTE: Oda Helgaland, Berthine Marie Bergman, Siri Kvame, Susanne Marie Mangle Kvame, Isabella Jansen Fiskå, Janne Fagerland Sjursen, Vanessa Meidell, Vilde-Marie Spilde, Lena Poulsen og Ylva Sifoki Gjestvang-Knutzen deltok i «Klimadrama», eit nasjonalt ungdomsteaterprosjekt som hadde som mål å engasjera ungdom i problemstillingar knytt til klimaendringar. (Foto: Morten Hetland)

«Klimadrama» handlar om korleis folk stiller seg til klimakrisa. Manuset er skrive av Merete M. Stuedal og Lisa Smith Walaas på oppdrag frå Norsk Klimanettverk, og har som mål å få ungdom emosjonelt engasjert i klimasaka.

Gartnaren kjenner ei djup kjærleikssorg over ei plante som ikkje greier å leva lenger. Den umotiverte juksar når ho resirkulerer. Den uengasjerte skyv ansvaret over på politikarane. Politikarane står på kanten av stupet og forhandlar om jorda si framtid. Den engasjerte ser jorda kollapsa rundt seg, men nektar å gje opp. Eit team av superheltar kjempar for å redda menneska frå å øydeleggja planeten. Ein einsam isbjørn ventar i spenning.

Hjelmeland Ungdomsteater viste «Klimadrama» 19. januar 2017 – i samband med Klimafestivalen §112 – i samarbeid med Folkeakademiet Hjelmeland og med støtte frå Sparebankstiftelsen DNB og Frilynt Norge.

SUPERHELTAR: Vegan, Recycle og Bicycle er dei sentrale rollene som prøver å overbevisa menneska om å gjera noko no, for å ikkje øydeleggja jorda for all framtid. (Illustrasjon: André Martinsen)
Skodespelarar

Susanne Marie M. Kvame

Bertine M. Bergman

Oda Helgaland

Isabella Jansen Fiskå

Ylva Sifoki Gjestvang-Knutzen

Vanessa Meidell

Lena Poulsen

Janne Fagerland Sjursen

Siri Kvame

Vilde-Marie Spilde

Tekst

Lisa Smith Walaas

Merete M. Stuedal

Regi
Laila Øvrehus
Lys- og lydteknikk

Knut Øygard Dale – lyd

Jan-Eric W. Banaskiewicz – lyd

Sceneteknikk

Joakim Hetland

Christoffer Nordbø

«Jul i Viga»

29. november 2016
FLINK STAB: 13 ungdommar var involverte i framsyninga "Jul i Viga". (Foto: Janneke Wijgergangs)
FLINK STAB: 13 ungdommar frå Hjelmeland Ungdomsteater var involverte i framsyninga «Jul i Viga». (Foto: Janneke Wijgergangs)

Hjelmeland Ungdomsteater samarbeidde med Ryfylkemuseet om å skapa julestemning i Vigatunet, og sette opp framsyninga «Jul i Viga».

Ungdomsteateret skapte julestemning.

Juleforteljinga «Jul i Viga» handlar om by-familien som kvart år kjem til Viga for å feira jul, og om fjosnissane og stabbursmusene som ikkje synest det er kjekt å bu på garden når det ikkje bur folk her fast lenger. Den grinete tante Ulla, som hatar jula, kjem òg på besøk, men så kjem den snille nabokona Gurina og fortel historier om korleis det ein gong var i Viga.

This slideshow requires JavaScript.

This slideshow requires JavaScript.

«Jul i Viga» blei sett opp i samarbeid med Ryfylkemuseet.
«Jul i Viga» blei sett opp på museumsgarden Vigatunet i samarbeid med Ryfylkemuseet.
Skodespelarar

Renate Åsland Håland – Wenche

Herman Breivik Rød – Kristoffer

Ole A. Schläwicke – Nisse-Lars

Elisabeth Munthe – Nisse-Line

Cathrine Kvame – stabbursmusa Karoline

Willi E. Lippek – stabbursmusa Kalle

Elise Bergøy – Stinemor

Anna Solvang Vadla – Ane

Amund Thomsen – Ola

Nina Maritha Egeland – tante Ulla

Martine Hetland – nabokona Gurina

Tarjei Sellevoll – Fjosnissen

Manus

Morten Hetland

Turid Lisbeth Nygård

Regi
Morten Hetland
Lys- og lydteknikk

Henrik Smith

Joakim Hetland

Musikk
Morten Hetland – gitar

«Mord over ein låg sko»

29.–30. april 2016
KRIMKOMEDIE: Skodespelarane i «Mord over ein låg sko». Frå venstre: Siri Kvame, Vilde Øvrehus Riveland, Isabella Jansen Fiskå, Ylva Sifoki Gjestvang-Knutzen, Jake Rojas, Sebastian Altamirano, Tarjei Sellevoll og Amund Thomsen. Framme sit Bjørn Olsen og Anna Solvang Vadla.
KRIMKOMEDIE: Skodespelarane i «Mord over ein låg sko». Frå venstre: Siri Kvame, Vilde Øvrehus Riveland, Isabella Jansen Fiskå, Ylva Sifoki Gjestvang-Knutzen, Jake Rojas, Sebastian Altamirano, Tarjei Sellevoll og Amund Thomsen. Framme sit Bjørn Olsen og Anna Solvang Vadla. (Foto: Morten Hetland)

Ti skodespelarar frå Hjelmeland Ungdomsteater spelte i kriminalkomedien «Mord over ein låg sko», skrive av Knut Nærum, og regissert av Laila Øvrehus, Edel Gausland og Morten Hetland.

Året er 1936. Mørke skyer samlar seg over herregarden Såleborg. Mange har grunn til å ynskja livet av skofabrikant Hermann Platt. Dessutan har gentlemansforbrytaren Skyggen meldt at han ved midnatt vil stela den etruskiske dolken på godset.

Fem lys- og lydteknikarar og ti skodespelarar i alderen 13–18 år har øvd intenst på manuset sidan starten av januar. Kriminalkomedien blei vist på Hjelmeland Samfunnshus fredag 29. og laurdag 30. april 2016.

PLAKAT: Tidlegare skodespelar i Ungdomsteateret, Christian Laugaland Munthe, har teikna plakaten til «Mord over ein låg sko».

PLAKAT: Tidlegare skodespelar i Ungdomsteateret, Christian Laugaland Munthe, har teikna plakaten til «Mord over ein låg sko».

Skodespelarar

Sebastian Altamirano – Ulrik Platt, son av skofabrikant Hermann Platt

Ylva Sifoki Gjestvang-Knutzen – Trude, stovepika

Isabella Jansen Fiskå – Frøken Dausen, hushalderska

Siri Kvame – Veronica Platt, dotter av Hermann Platt

Tarjei Sellevoll – Thomas Trampe, trulova med Veronica og underdirektør på A/S Platt Sko

Vilde Øvrehus Riveland – Fifi L'Amour, kabarétsongarinne

Jake E. Karlsen – Hermann Platt, skofabrikant

Anna Solvang Vadla – Hedda Hoffmann, Platt sin privatsekretær

Bjørn Olsen – Frank Falkner, den nye sjåføren

Amund Thomsen – Inspektør Bulle

Jake E. Karlsen – Skyggen

Manus
Knut Nærum
Regi

Laila Øvrehus

Edel Gausland

Morten Hetland

Lys- og lydteknikk

Willi E. Lippek

Lars Martin Mikalsen Meland

Christoffer Nordbø

Joakim Hetland

Herman Breivik Rød

«Putti Plutti Pott og Julenissens skjegg»

12. desember 2015
BJELLEKLANG: Skogsnissen må finna fram sleden for å hjelpa Putti Plutti Pott heim til Nisseland. Frå venstre: Morten Hetland (Onkel Per), Amalie Velde Birkeland (Pernille), Bjørn Olsen (Petter), Ole A. Schläwicke (Putti Plutti Pott), Elisabeth Munthe (Caroline), Amund Thomsen (Skogsnissen) og Renate Åsland Håland (Rudolf). (Foto: Egil Ulvestad)

Julemusikalen «Putti Plutti Pott og Julenissens skjegg» blei ein publikumssuksess på Hjelmeland Samfunnshus.

Det var ein gong ein liten nisse som heitte Putti Plutti Pott – Putti etter oldefaren sin og Plutti etter tippoldefaren sin – og Pott til etternamn. Men det som var ekstra kjekt med litle Putti Plutti Pott er bestefaren hans, for det er sjølvaste Julenissen.

I «Putti Plutti Pott og Julenissens skjegg» fekk vel 300 tilskodarar sjå korleis det gjekk då Putti Plutti Pott møtte Petter, Pernille og litle Caroline, nokre ganske vanlege menneskebarn, og korleis heile Nisseland blei snudd på hovudet – og det berre var så vidt at Julenissen greidde å koma seg av stad til alle dei snille barna på julaftan.

This slideshow requires JavaScript.

Billett

Skodespelarar

Isabella Jansen Fiskå – Bestemor Pernille

Amund Thomsen – Ole

Amalie Lyng Sandvik – Jenny

Nina Maritha Egeland – Sara

Morten Hetland – Onkel Per

Amalie Velde Birkeland – Pernille

Bjørn Olsen – Petter

Elisabeth Munthe – Caroline

Ole A. Schläwicke – Putti Plutti Pott

Amund Thomsen – Skogsnissen

Renate Åsland Håland – Rudolf

Anne Kari Ramen Breiland – pakkenisse

Janne Fagerland Sjursen – pakkenisse

Ylva Sifoki Gjestvang–Knutzen – pakkenisse

Selma Hetland – pakkenisse

Martin Ødegård Jørmeland – snekkernisse

Lena Poulsen – snekkernisse

Renate Åsland Håland – snekkernisse

Isabella Jansen Fiskå – snekkernisse

Nina Maritha Egeland – snekkernisse

Amalie Lyng Sandvik – snekkernisse

Vilde-Marie Spilde – bakenisse

Vanessa Meidell – bakenisse

Susanne Marie M. Kvame – bakenisse

Anna Olsen – bakenisse

Siri Kvame – klyppenisse

Oda Helgaland – klyppenisse

Paul Tjærand Øvrehus Riveland – Glupe Gløgg

Elise Bergøy – Ekspedisjonsnissen

Anna Solvang Vadla – Kalle

Sebastian Altamirano – Palle

Martine Hetland – Nissemor

Jake E. Karlsen – Nissefar

Manus
Per Asplin
Regi

Laila Øvrehus

Tone Smith

Edel Gausland

Morten Hetland

Orkester

Anders Smith – kapellmeister/bass

Mathilde Jordal Breivik – trompet

Elin Vestersjø – trompet

Trine Jordal – altsaksofon

Helén Strømsvold – altsaksofon

Roger Sjursen – trommer/perkusjon

István Horváth – piano/tangentar

Peter Sigmundstad – gitar

Lys- og lydteknikk

Henrik Smith – instruktør

Willi E. Lippek – lyd

Herman Breivik Rød – lyd

Lars Martin Mikalsen Meland – lys

Rekvisittansvarleg
Wiktoria S. Dada
Sceneteknikk

Joakim Hetland

Christoffer Nordbø

Nancy Øvrehus

Laila Øvrehus

Martin Ø. Jørmeland

«Dagens ungdom»

23. og 24. april 2015
UNGDOMSREVY: «Dagens ungdom» er ein revy om korleis det er å vera ungdom. (Foto: Morten Hetland)

Heile 29 skodespelarar, fire lys- og lydteknikarar og fire vaksne instruktørar stod bak oppsetjinga av Hjelmeland Ungdomsteater si første revyframsyning: «Dagens ungdom»

«Av og til kan ein bli imponert av ein revy fordi det er ungdom som står på scenen. Av og til kan ein bli imponert av ein revy fordi skodespelarane er lokale. Av og til blir ein berre imponert av ein revy. Punktum.» – Magnar Riveland, Strandbuen

Ungdomsrevyen «Dagens ungdom» er sett saman av 22 sketsjar og musikalske innslag, som alle er skråblikk på det å vera ungdom. Som journalist Magnar Riveland i Strandbuen skreiv: «Dei sparar ingen – både foreldregenerasjonen og lærarstanden får gjennomgå – men aller mest harselerer dei med seg sjølv og sin eigen generasjon.»

Framsyninga og det tekniske utstyret er støtta av bulystprosjektet «Hjelmeland 24–7», Ryfylkefondet og Frifond-midlar frå Frilynt Norge.

Skodespelarar

Amalie Velde Birkeland

Amund Thomsen

Anna Solvang Vadla

Anne Kari R. Breiland

Annie Valebjørg

Bjørn Olsen

Elisabeth Munthe

Elise Bergøy

Isabella Jansen Fiskå

Jake E. Karlsen

Janne Fagerland Sjursen

Jarand S. Verpe

Katarina Topp Sandvik

Lena Poulsen

Maria Laugaland

Martine Hetland

Oda Helgaland

Ole A. Schläwicke

Ole Kristoffer A. Tufte

Renate Åsland Håland

Sebastian Vanvik

Selma Hetland

Siri Kvame

Susanne Marie M. Kvame

Vanessa Meidell

Vilde-Marie Spilde

Vilde Øvrehus Riveland

Ylva S. Gjestvang-Knutzen

Zorana Sajkovic

Regi

Laila Øvrehus

Morten Hetland

Edel Gausland

Tone Smith

Tekst

Frilynt Norge (Manusbanken)

Norsk Revyfaglig Senter

Tom Reidar Bratteli

Hjelmeland Ungdomsteater

Lys- og lydteknikk

Henrik Smith

Lars Martin M. Meland

Willi E. Lippek

Herman Breivik Rød

«No er det jul, igjen!»

14. desember 2013
STOR GJENG: Første rad (f.v.): lys- og lydteknikarane Paul Kuhn, Henrik Smith, Henrik Breivik Rød, Lars Martin Meland, Thomas Nessa og gitarist Bjørn Stian Ueland. Andre rad (f.v.): Martine Hetland, Trine Moen Hausken, Maria Laugaland, Sofie Laugaland, Mathilde Jordal Breivik, Elisabeth Munthe, Sara Barata, Tina Ramsland, Madelen Langvik, Hanne C. Dalaker og Tarjei Sellevoll. Tredje rad (f.v.): Wiktoria Dada, Sunniva Ur Fjørtoft, Ane Steinsland, Malin Fuglestein, Olav Espeland Halsne, Jonas Nessa, Anne Kari R. Breiland, Hannah C. Laugaland, Vilde Øvrehus Riveland, Jake Karlsen, Ole Kristoffer Tufte Albretsen, Cathrine Kvame, Ida Kvernstrøm og Leon Schläwicke. Bakerst (f.v.): Christian Laugaland Munthe, Stine-Lise Hetland, Anna Solvang Vadla, Malena Nesvik Altamirano, William Munthe og Christian Laugaland Munthe. Skodespelar Amalie Olsen var ikkje til stades då biletet blei teke. (Foto: Morten Hetland)

30 skodespelarar, 6 lys- og lydteknikarar, 2 musikarar, 3 instruktørar og 8 manusforfattarar stod bak produksjonen av «No er det jul, igjen!», som blei spelt for full sal på Hjelmeland Samfunnshus i desember 2013.

Vår kjærlighet er evig. Du, jeg og stjernene. Når stjernene har slukket, og solen stått opp, er du borte. – Julenissen

Julestykket «No er det jul, igjen!» handlar om stresset, kaoset, juleførebuingane og alle utfordringane knytt til julestria. Gjennom stykket føl me Julenissen på Nordpolen og ein familie i Hjelmeland midt i julehysteriet. Mykje går som vanleg etter dei kjende tradisjonane, men etter kvart skjer det seg for både Julenissen og familien i Hjelmeland. Korleis kjem det til å enda? Blir årets julefeiring ein total katastrofe, eller får historia ein lukkeleg slutt?

Stykket er inspirert av ungdommane sjølv, og byr på både humor og alvor.

Skodespelarar

Vilde Øvrehus Riveland – Hildur (Mor)

Jake E. Karlsen – Fridtjof (Far)

Ane Steinsland – Laila

Malin Fuglestein – Line

Olav Espeland Halsne – Rolf

Jonas Nessa – Postmannen/Gangster-Geir (alv)

Sara Barata – Nissemor (Maria)

Leon D. Schläwicke – Julenissen (Anton)

Malena Nesvik Altamirano – Aurora (Bestemor)

Wiktoria S. Dada – Jehovas første vitne/Korsongar

Amalie Olsen – Jehovas andre vitne/Korsongar

Mathilde Jordal Breivik – Sjefsalven

Cathrine Kvame – Alvepoliti/Korsongar

Martine Hetland – Alvepoliti/Korsongar

Sofie Laugaland – Smarte-Siri (alv)/Punkarmann

Sunniva Ur Fjørtoft – Pirke-Pia (alv)

Madelen W. Langvik – Late-Lotte (alv)

Trine Moen Hausken – Kløne-Kitt (alv)

Maria Laugaland – Sosse-Sara (alv)

Ida Kvernstrøm – Trippe-Tea (alv)/Reinsdyr

Hanne C. Dalaker – Morske-Mia (alv)/Reinsdyr

Stine-Lise Hetland – Elise

Elisabeth Munthe – Gjertrud

Christian L. Munthe – Butikksjefen/Ragnar

Tina Ramsland – Punkarkone/Reinsdyr

Tarjei Sellevoll – Taxisjåføren/Bomsen

Hannah C. Laugaland – Kordirigent

Anne Kari R. Breiland – Korsongar/Reinsdyr

Anna Solvang Vadla – Tante Kari

William Munthe – Rudolf

Manus

Jarl Austigard

Morten Hetland

Magnar Riveland

Vilde Øvrehus Riveland

Leon D. Schläwicke

Helga Mokleiv

Laila Øvrehus

Paul Øvrehus

Regi

Laila Øvrehus

Morten Hetland

Lena Kleppa

Musikk

Morten Hetland – piano/tangentar

Bjørn Stian Ueland – gitar

Lys- og lydteknikk

Henrik Smith – lyd

Henrik Breivik Rød – lyd

Paul Kuhn – lyd

Lars Martin M. Meland – lyd

Thomas H. Nessa – lys

Ole Kristoffer A. Tufte – lys

Sceneteknikk

Kristoffer Kleppa

Tobias Topp Sandvik